Det heiter ikkje eg – no lenger.
heretter heiter det: vi
Eig du lykka så er ho ikkje lenger
berre di.
… Alt det som bror din kan ta imot
av lykka di, må du gi.Alt du kan løfte av børa til bror din,
må du ta på deg.
Det er mange ikring deg som frys.
Ver du eit bål, strål varme ifrå deg!
heretter heiter det: vi
Eig du lykka så er ho ikkje lenger
berre di.
… Alt det som bror din kan ta imot
av lykka di, må du gi.Alt du kan løfte av børa til bror din,
må du ta på deg.
Det er mange ikring deg som frys.
Ver du eit bål, strål varme ifrå deg!
Hender finn hender, herd stør herd,
Barm slår varmt imot barm.
Det hjelper da litt, nokre få forfrosne,
at du er varm!
Barm slår varmt imot barm.
Det hjelper da litt, nokre få forfrosne,
at du er varm!
Halldis Moren Vesaas
Legg igjen en kommentar