Leiarmentor: Bli ein betre leiar
Er du ein kvinneleg leiar med høge ambisjonar? Vi tilbyr eit kompetanseprogram for deg som vil bli ein betre leiar.
Leiarmentor er eit tilbod til deg som vil utvikle deg vidare som leiar. Du får kompetansepåfyll gjennom seminar leidde av kvalifiserte fagpersonar. I tillegg får du ein mentor som følgjer deg gjennom heile programmet.Kvinnelege leiarar i privat og offentleg verksemd kan søkje. For å bli med må du vere leiar med personalansvar. Du må dessutan ønskje deg og ha bruk for personleg og leiingsfagleg utvikling, og ha ambisjonar om å utvikle leiarkarrieren din.
Nytt program hausten 2012
Neste Leiarmentor blir arrangert på Austlandet, og startar i november 2012. Deltakar avgifta er kr 10.000. Reise og opphald kjem i tillegg.
Vi tek imot søknader frå heile landet.
Søknadsfrist for neste program: 11. juni 2012.
For påmelding og lese mer les her.
Legg igjen en kommentar